9. desember 2010

Kategorien; Blender/Lukker

Ideen bak det første og andre bildet er ganske enkel. Utforbi inngangen til hybelen min er det ei gamal stove som er dekorert med forskjellige skatter i frå 60 og 70-talet. Dette er kanske kule og spesielle ting som eg hadde lyst til å ta bilder av. Det første bildet er av ei gamal klokke som har stoppa. Eg brukte blender når eg tok dette bildet. Eg har redigert litt på kontrastane i bildet for å få fokuset endå meir på klokka. lyset i dette bildet er ganske varmt, dette er på grunn av refleksjonane i tapeten og på grunn av at bildet er tatt i soloppgangen. Eg har brukt Nikon D40 når eg tok dette bildet, og innstillingane på kameraet var lukkar 1/13 og blendar f/4,5,  ISO 200.



Orginalbildet


Bilde nummer 2 er tatt i same rommet og har same ideen bak seg. Det som er det mest interessange på bildet er mønsteret inne i lampen kombinert med fargane rundt og i mønsteret. Lyset i bildet og blender/lukker funksjonen framhevar dette veldig godt og gjer at bildet for ein ekstra gamaldags utrykk. Lampen ligger over i dei to interessepunkta til venstre, en resten av bildet veiar framleis opp for å vera så massivt og kontrollerande i eine delen. Med å vera relativr roleg og blangsert i den andre på grunn av blender og lukkar funksjonen. Innstillingane eg har brukt på kameraet er lukkar 1/13 og blendar 4,8 ISO 200.  Eg har redigert litt på kontrastane i bildet for å få dei mørkaste fargane i mønsteret på lampen meir markert. Eg her brukt speilreflekskameraet Nixon D40 når eg tok dette bildet.



Orginalbildet


Bilde nummer 3 er tatt når me var på besøk på porselensfabrikken på figgjo. Ideen bak bildet var å framheve bladets form og frostkrystaller ved hjelp av blender og lukkar. Lyset på bildet er normalt dagslys og er ikkje direkte retta mot motivet i bildet. Men frost rimen rundt fungerar som ein reflektor og gjer at omgivelsane blir litt lysare enn det normalt ville hadt gjort. Innstillingane eg har brukt er lukkar 1/50 og blendar f/13,0 ISO 200. Eg har redigert litt på kontrasten i bildet bare for å få eit mykje meir markert motiv. Eg har brukt speilreflekskameraet Nixon D40 når eg tok dette bildet.
Det eg har lært med å ta desse bildene er å bruke blender/lukkar funksjonen i forskjelig lys og i forskjellige omgivelsar.





Orginalbildet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar