7. oktober 2010

Kategorien; Komposisjon

Komposisjon betyr; korleis man setter saman ulike elementer til ein heilheit. Altså betyr dette at bildet kan vera av kva som helst, kor som helst. Dermed er dette ein ganske spennande kategori.


Bilde nummer 1 er av min gode veninne Beate. Bildet er tatt i ein liten skog som ligger på Lura. Dette er eit ganske humørfullt og stemningsfullt bilde. Det er ein fryst bevegelse, tatt med kompakt kameraet Casio Exlim. Du kan tydeleg sjå at personen i bildet er i innteressepunktet, og at det er mange skrålinjer i bildet. Skrålinjene er i både skuggane av personen og i kjettingen som holder fast reilen. I den redigerte versjonen av bildet kan du sjå dette ennå meir tydeligare enn det du gjer i den orginale versjonen. Eg har redigert bildet i Iphoto for å få meir kontrastar og eit kaldt preg over bildet sidan det er tatt ute i naturen på ein kald haustdag. Samansentningen i bildet synast eg at fungerar veldig bra, du har sanden som er under, graset som er bak, og treet i bakgrunnen som blir ei støtte i bildet. Skuggane i bildet er og ganske kule, og gjer at bildet blir mykje meir spennande å sjå på.

Orginal Versjon. Modell; Beate



Redigert versjon. Modell; Beate

Bilde nummer 2 er av eit tre i Sanvedparken. Bildet er tatt med Nikon D40 i froskeperspektiv. Det som er så bra med dette bildet er at det er så stor kontrast mellom dei grøne blokkane og dei mørke greinane. Slik at skrålinjene i greinane og mønsteret i blokkene kommer skikkeleg bra fram i bildet. Bildet er ikkje redigert på nokon måte. Lyset her er normalt dagslys og det framhever formen og fargen i bildet, noko som gjer at heilheten i bildet blir veldig bra. Det eg har lært med dette bildet er at du kan finne nye kule måtar å fotografere på viss du bare er leiken og prøvar nye ting. Og nokon gonger treng man ikkje fikse på bildet fordi det er så bra og fint akkurat som det er.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar